Reisa mot vest


Klosteret på Mosterøy - del 3

Sinnes skule



Året er 1724, Michael, Anne og Cecilia er på veg mot vest. Cecilia har allereie rukke å bli fire år, og ho liknar på mor si. Like vilter og gal som Anne hadde vore då ho var lita. Michael, Anne og Cecilia veit ingenting om kva som ventar dei i den nye verda. Eigentleg hadde dei ikkje lyst til å reisa frå Carolina, men Anne si fortid tvang dei. Befolkninga stolte ikkje på henne, ho hadde jo tross alt vore pirat og sånne avskum ville dei ikkje ha. Det er jo så lett å kritisera andre, for sjølv gjer ein ingenting galt. Det fanst jo visse unntak, som alltid, men det var ikkje mange.

oy_sml.jpg Det svirra mange tankar gjennom hovudet til Anne. Ho var engsteleg for kva framtida ville bringa, men ho tvang seg til å tenkja positivt. Ho hadde jo trass alt vore heldig. Hadde ikkje mora hennar kome til fengselet i Karibien, hadde ho ikkje levd i dag, og ho hadde heller ikkje opplevd å sjå Cecilia veksa opp. Det var noko ho ikkje ville vore forutan. Ho såg ømt ned på dottera, der ho låg samankrølla og sov. Så såg ho amuletten med jomfru Maria, og ho lurte atter ei gong på kvar han hadde kome ifrå, men det fekk ho nok aldri vita. Det gjekk ei historie om han; at han skulle gå i arv til den eldste jenta frå generasjon til generasjon. Det hadde også vore eit kart, men det var det foreldra som hadde. Deretter vandra blikket hennar vidare til den nye ektemannen, Michael, og resten av vogntoget som reiste frå Carolina. Dei var eigentleg nokså mange. Det var vel rundt 20 vogner som kjørte bortover, ei lang, lang rekke langt innover prærien. Det ho ville Irlandsakna mest frå Carolina, var foreldra, som alltid hadde stilt opp for henne, sjølv då mange andre ville snudd ryggen til. Ho bestemte seg der og då for at ein dag skulle ho reisa tilbake til Irland, det landet foreldra hadde snakka så varmt om, og som dei alltid ynskte å reisa tilbake til.

Så høyrde ho det. Ho hadde eigentleg høyrt det lenge, men ho hadde ikkje teke notis av det før no. Det var lyden av galopperande hestehovar. Ho snudde fort på hovudet og skulle til å spørja Michael kva det var. Det synet som møtte henne, gjorde at ho bare blei sitjande i mållaus undring. Kva var dette for menneske. Ho hadde aldri sett slike før. Det var spesielt leiaren som fekk ho til å stira. Han hadde ei enorm utstråling, så ho kunne ikkje riva til seg blikket. Då Michael såg at ho sat og såg på noko bak vogna, snudde han også på hovudet. Han såg det same som Anne. Det var nokre menneske som kom galopperande, og han visste kven dei var. Han hadde høyrt om dei på ei av dei mange reisene han hadde vore på. Han var nemleg handelsmann, og han håpa han kunne starta ein ny butikk i Missouri, som dei var på veg til. Han ropte ut: "RAUDHUDANE KJEM!", men det var for seint. Indianarane var på krigsstien, og ingenting kunne stoppa dei. Anne sat stiv som ein stokk, medan ho tenkte på alle historiene ho hadde høyrt om raudhudane. Ho ante ikkje kva ho kunne gjera for å redda familien, så ho handla i panikk. Ho greip tak i Cecilia, ropte til Michael at han skulle koma seg ned frå vogna, deretter hoppa ho av. Men Michael vart for sein, akkurat då han hoppa, fekk han ei pil i ryggen. Han landa på bakken, medan støvet fauk rundt han, og rulla rundt. Dette gjorde at pila bare blei pressa lenger ned i såret, og smerta var uuthaldeleg. Anne forsto at livet hans ikkje sto til å redda, men ho ville ikkje gje opp utan å ha prøvd. I mellomtida hadde Cecilia vakna av alle skrika, og ho såg seg søvnig rundt. Då ho såg at mannen ho alltid hadde sett på som far sin, Michael, låg skada, byrja ho å skrika og sprang bort til han. Anne prøvde å få ho til å slutta å grina, så ikkje indianarane skulle sjå dei, men det var for seint. Dei kom ridande bort til dei, og stilte hestane i ein ring rundt Anne og Cecilia. Anne prøvde å dekka Cecilia med kroppen. Begge to stirde mistenksamt på desse framande menneska. Dei var lange, hadde langt svart hår, brune auge og var brune i huda, og dei hadde på seg skinnklede med frynser og perler som pynt.

Anne ser leiaren hoppa av hesten, og ho ser ein sjanse til å koma seg vekk. Ho ligg heilt stille så det ser ut som ho ikkje klarer å røra seg på grunn av skrekken, men plutseleg fyk ho opp med Cecilia på ryggen, men indianaren er for rask for henne. Han grip ho i armen, og ho kjem ingen veg. Både ho og Cecilia strittar imot alt dei kan, men det er umogleg, han er for sterk. Han lyfter henne opp og set ho over tvers på salen, medan ein av dei andre krigarane gjer det same med Cecilia. Så rir dei vekk. Anne veit at frå nå av kjem livet hennar aldri til å bli det same.

Dei rir i over to timar før dei stoppar, og Anne ser ein indianarleir for fyrste gong i heile sitt liv. Han er ikkje så veldig stor. Det er åtte store, trekanta telt, som ho seinare får vita heiter tipi. Det er nokre ungar som spring rundt og let som om dei går på jakt, medan kvinnene i leiren sit og syr mokkasinar og klede. Ho får også vita at leiaren for overfallsmennene, som ho vart så fascinert av, er høvding i denne leiren. Han blir kalla Raske Hjort. Det er i alle fall det ho trur når ho ser på teikna dei viser for å fortelja henne namnet hans. Dei vil vita namnet til Cecilia og henne, og dei prøver å seia det, men det er så uvant at det blir ein nokså merkeleg uttale. Tida gjekk fort og snart oppdaga Anne at ho og Cecilia hadde budd i leiren i tre veker. Cecilia hadde allereie fått vener blant indianarbarna og begge hadde begynt å forstå og å snakka språket nokså godt. Raske Hjort hadde allereie spurt henne mange gonger om ho kunne tenkja seg å bli hans squaw, men kvar gong hadde ho sagt at ho trong meir tid til å tenkja seg om. Men nå hadde ho bestemt seg. Ho ville ta sjansen. Cecilia var overbegeistra for han, og han var alltid snill. Ho kunne ikkje forstå kvifor kvite menneske skulle fortelja slike løgner om eit anna folkeslag. Ho hadde funne ut at mange av dei historiene ho hadde høyrt, ikkje stemde med verkelegheita i det heile tatt. Det tok ei veke å gjera i stand alt til bryllaupet, men det var verdt det. Heile leiren deltok, og som bryllaupsgåve fekk ho ei påfuglfjør med perler på, og ein nydeleg kjole i skinn med perler sydd på. Ho fekk også ein hest. Cecilia fekk også gåve. Ei dokke laga av tre, og ein liten kjole av skinn. Og så fekk ho eit lite føl.

Livet gjekk sin vante gang i leiren, og for fyrste gong i heile sitt liv var Anne udelt lukkeleg. Alt var perfekt, men ho burde visst at det ikkje ville vara. Ho hadde budd i leiren i tre månader då det skjedde. Nybyggjarane kom, i grålysinga før nokon var oppe, men det tok ikkje lang tid før dei blei oppdaga. Då var det for seint å flykta, og alle krigarane prøvde å slåss mot dei, men overmakta vart for stor. Anne og Cecilia hadde klart å springa vekk, og nå låg dei gøymde bak ein stein. Medan dei låg der, prøvde Anne å få auge på Raske Hjort så dei kunne koma seg vekk. Ho henta hestane og fekk auge på Raske Hjort, og drog han med seg. Dei galopperte vekk så fort dei kunne. Det einaste som sto i hovudet på dei, var å koma seg vekk så fort som mogleg. Dei måtte henta andre stammar som kunne hjelpa dei. Det var det einaste dei kunne gjera. Dei prøvde å få andre stammar til å hjelpa seg, men ingen kunne, for mennene var på jakt, så det var bare kvinner, gamle og ungar igjen i leirane. Då dei kom tilbake til leiren igjen, var det for seint, og alle kunne sjå at det hadde vore ein massakre der.


To månader seinare hadde dei kome fram til Carolina. Anne ville helsa på foreldra sine før dei reiste. Dei hadde funne eit skip som skulle til Irland, men fyrst skulle det innom Grønland for å handla pels. Foreldra til Anne blei triste då dei fekk høyra om kva Heime i Carolinasom hadde skjedd med Michael, og i byrjinga var dei ikkje glade for å sjå Raske Hjort, men etterkvart som dei blei kjende med han, likte dei han bare betre og betre. Raske Hjort, Anne og Cecilia budde i huset til foreldra til Anne i ei veke før båten skulle gå. Den siste dagen kom mor til Anne, Catherine, og gav henne eit kart. Ho fortalde at ho hadde fått det frå mor si og det hadde gått i arv i mange generasjonar. Ho visste ikkje kva land det var kart over, men ho trudde det var i nærleiken av Irland ein plass.

Då dei kom til Grønland, vart dei overraska over kor kaldt det var. Dei var vane med varme, og dei hadde ikkje sett snø så ofte i sitt liv. Inuittane sto ved stranda og såg mistenksamt på dei framande. Det var ikkje ofte det kom framandfolk der, og om dei kom, var det ofte for å handla skinn, og det enda som oftast med at inuittane blei plyndra. Det var dei vane med, men desse virka ikkje så fryktelege som andre hadde vore, og dei hadde med seg ein som likna litt på deira rase. Det var noko med han som gjorde at menneske straks fekk tillit til han, så inuittane la bort mistrua, og kom gåande mot dei. Det tok ikkje lang tid før dei snakka saman som gamle vener, og kapteinen og resten av mannskapet på skipet såg forundra på hendinga. Dei var der ei veke,På veg mot Noreg og ingen hadde gjort betre handel enn kapteinen på dette skipet. Då inuittane fekk vita at Raske Hjort var med dei, fann dei fram sine beste skinn og sine finaste smykke. Kvelden før dei skulle reisa, hadde dei ein stor fest til ære for Raske Hjort, Anne og Cecilia. Dei fekk også mange gåver. Raske Hjort fekk eit smykke med ei kvaltann, Anne fekk ei jakke av selskinn med isbjørnpels og vesle Cecilia fekk nokre klede til dokka si og noko kjøtt ho kunne eta på reisa. Det var også ein sjaman der som spådde dei. Ho heitte Seinsewi, og fortalde at dei kom til å oppleva mykje og at dei kom til å ha eit langt og rikt liv. Snart skulle dei også få eit barn til, men kjønnet ville ho ikkje ut med. Anne og Raske Hjort såg på kvarandre og smilte. Anne hadde hatt ein liten mistanke om det, men ho hadde ikkje vore sikker. No visste dei det, og alle kunne sjå at dette nyhendet hadde gjort dei glade.

Neste dag sto dei tidleg opp for å gjera seg klare til å reisa. Dei gjekk om bord i robåten og vinka farvel til alle dei nye venene dei hadde fått. Det var ein trist augneblink, og ingen var sikre på om dei kom til å treffa kvarandre igjen, men dei ville gjera sitt beste. Ingen kunne vita kva framtida ville bringa. Det var bare Seinsewi som visste svaret på det, men ho sa ingen ting. Medan alle dei andre gjekk opp til husa sine igjen, blei ho ståande igjen og sjå etter dei. Ho hadde fortalt Raske Hjort, Anne og Cecilia at dei ville leva eit langt og rikt liv, men ho hadde ikkje fortalt om alle prøvelsane dei måtte gjennom.

Båtreisa over til Irland tok to veker, men ingen av dei vart sjøsjuke. Anne hadde jo levd som sjørøvar, og det same hadde Jack, og det virka som om Cecilia hadde arva mykje av begge to. Anne var engsteleg over kva framtida ville bringa, men ho hugsa på Seinsewi sine ord om at dei ville leva eit rikt og langt liv alle saman. Samstundes var ho litt redd for kva faren sin familie ville seia, om dei kom til å møta dei, men det var veldig liten sjanse for at det skulle skje. Då dei kom fram til Country Cork, ville dei betala kapteinen for reisa, men det tillet han ikkje. Utan dei ville han ikkje fått så god handel med inuittane. Det var betaling nok for både han og mannskapet. Dei protesterte, men det nytta ikkje. Kapteinen ville ikkje gje seg.

Dei leigde eit rom for natta på eit vertshus. Dei hadde planar om å vera der til dei fekk tak i ein båt som gjekk til Noreg. Heldigvis tok ikkje det lang tid, for etter ei veke fekk dei høyra om ein båt som skulle til Noreg. Dei spurte om dei kunne få fylgja båten, mot betaling. Kapteinen vart livredd då han såg Raske Hjort, for slike vesen hadde han aldri sett før, men han hadde høyrt mange historier om andre kapteinar som hadde segla til Amerika. Sjølv likte han ikkje slike lange reiser. Ruta mellom Noreg og Irland var lang nok for han.

Raske Hjort, Anne og Cecilia måtte bu på vertshuset ei veke til før dei kom seg vidare, men så fekk dei høyra om ein båt som skulle til Utstein kloster i Noreg. Det kunne ikkje ha passa betre, og dei håpa at kapteinen på den båten ikkje var like redd for alt som var framand som den første. Dei gjekk ned til hamna. Det lukta fisk og måkene flaug over det heile og skreik, medan dei høyrde dønningane slå mot land lenger borte. Båten heitte "Bella", og kapteinen på skipet, som viste seg å vera ein nokså gammal mann, heitte William Bones. Han var ikkje som andre sjømenn. Han var mykje meir sympatisk, og dei fekk lov til å følgja skipet. Anne syntest namnet til kapteinen virka kjent, og ho spurde han kor lenge han hadde vore kaptein på "Bella". Han hadde vore det sidan han var 35 år, fortalde han, og då slo det henne. Dette var kapteinen som hadde segla foreldra hennar og ho sjølv over til Amerika! Ho fortalde han dette, og han måtte tenkja seg litt om, men så kom han på dei, og han hugsa også Anne. "Eg sa til foreldra dine mange gonger at den vesle jenta deira var skapt for eit liv på havet. Og det ser eg at du er ennå." Han spurde kvifor dei skulle til Utstein kloster, men dei stolte ikkje heilt på han endå, så dei sa at dei skulle finna nokre forsvunne slektningar. Han såg litt mistenksamt på dei, men sa ingenting. Dei kunne umogleg ha høyrt om italienaren som grov ned ein skatt der, og han skulle sørgja for at dei aldri fekk høyra om det heller. Dersom dei visste kva den snille, godmodige kapteinen tenkte, ville dei nok aldri blitt med.

Dei hadde vore på sjøen i to dagar, og det var bare ein dag igjen, då ulykka skjedde… Det var uvêr den dagen, og kapteinen hadde prøvd å drepa dei mange gonger, men Raske Hjort hadde veldig god høyrsel, og Anne hadde lært å vera på vakt då ho var sjørøvar, så til nå hadde dei avverga alle mordforsøk. Denne dagen hadde det regna mykje og det lynte. Dekket var blitt spegelglatt, og ingen kunne gå på det utan å skli. Kapteinen hadde sendt den farlegaste av mannskapet sitt av stad for å prøva å gjera det ingen andre hadde klart, å drepa Raske Hjort, Anne og Cecilia. Han var ein dømd forbrytar, men kapteinen hadde hjelpt han med å rømma frå fengselet i England dagen før han skulle bli hengd for mord. Alle om bord på skipet visste det, men ingen hadde planar om å fortelja det til Raske Hjort, Anne og Cecilia. Han gjekk mot lugaren deira, og i handa hadde han ein stor kniv, men Raske Hjort hadde høyrt at nokon kom, og han hadde sett mannen gjennom ei sprekk i lugardøra. Han såg kniven, og det einaste som sto i hovudet på han no, var å redda familien sin, Anne, Cecilia og det vesle, ufødde barnet. Han sprang alt han kunne mot mannen, og dytta han av all si kraft bortover dekket. Mannen sklei, og med eit skrik datt han ut i vatnet. Mannskapet prøvde å redda han, men det var for seint. Han sokk til botnen og forsvann for all tid. Etter denne hendinga var mannskapet ombord på "Bella" livredde for Raske Hjort, og ingen torde å gjera noko som kunne provosera han. Resten av reisa gjekk greitt utan fleire ulukker, og dagen etter gjekk dei i land i Noreg. William Bones hadde fått nok av skatten. Han ville bare koma seg vekk frå desse galningane så fort som mogleg… Det var det siste dei såg til han.

Det fyrste dei gjorde då dei kom til Noreg, var å oppsøkja Utstein kloster. Det budde ikkje munkar der, men Raske Hjort, Anne og Cecilia spurde dei nye eigarane om dei kunne få sjå i nokre gamle bøker frå klostertida, for dei leita etter nokre slektningar. Utstein-KlosterDet fekk dei lov til, og dei sette seg ned for å lesa. Dessverre sto alt på latin, så dei måtte få nokon frå domkyrkja i Stavanger til å omsetja alt for dei. Snart visste dei alt om kva som hadde skjedd med Cecilia som blei munk på Utstein kloster. Dei fann også ut at det fanst ein medaljong som kom frå Malta, men korleis italienaren fekk tak i han, fekk dei ikkje vita denne gongen.

Dei fann også fram skattekartet og viste det til den nye eigaren. Han såg på det, og dermed viste han dei veg bort til ein steinmur. Der tok han ut nokre steinar og drog ut ei kasse. Dei opna ho og såg på det som låg oppi. Det var nokre myntar der, og dei bestemte seg for at dei og ville leggja noko oppi. Dei la oppi påfuglfjøra og smykket Raske Hjort hadde fått frå inuittane. Han var redd for at han skulle mista det, og det ville han ikkje skulle skje.

Dei fekk bu i det tidlegare klosteret nokre dagar før dei bestemte seg for at dei ville finna ut kva som hadde ført italienaren til Noreg. Dei ville starta på Malta, sidan det var det siste sporet dei hadde. Dei fann ein båt dei kunne vera med, og så var dei på veg igjen…