Slaget i Kringom - 26 august, 1612


Kilde: FrÄ skotteÄre - Ivar Kleiven, Lillehammer, 1935



Kort innledning

Teksten gir et fint bilde av folkelivet i Gudbrandsdalen pÄ midten av 1600-tallet.
Handlingen finner sted ved Kringen nĂŠr Otta i Sel kommune.
Teksten er identisk med den opprinnelige.

Fyreord.

Ivar Kleiven let etter seg sume skrifter som det var meiningi han vilde gjeva ut. Desse hadde han testamentert til VÄgÄ Historielag, som no har fÄtt Gudbrandsdal Boklag (G. B.) til Ä gjeva dei ut.
Fyrst kjem no «FrÄ SkotteÄre». Denne forteljingi er skrive ikring 25 Är sidan og stod som kjellarforteljing i bladet «Bonden» i 1911 og 12.
Skriftet var soleis med og gav eit verdigt tilskot til 300-Ärs-minnet um slaget ved Kringom 1612.
Forteljingi gjev eit framifrÄ bilÊte av folkelivet den tid, og namnet Ivar Kleiven borgar for at skildringane er historisk pÄlitelege.
Rettskrivingi er gjenomfÞrd slik ho stod i «Bonden».
Seinare skal G. B. gjeva ut «Elvesog» (I Heimegrendi II) som Kleiven hadde liggjande ferdig i manuskript.
«Heime og Ute», ei brevveksling millom Ivar Kleiven og bladstyrar Kristian Prestgard, Decorah, U. S. A. har G. B. teke til Ä prente.

Utgjevaren.


PillarguriSlage i Kringom

Somaren i 1612 var god, vĂȘre var drivandes og onnine kom tidleg. Tord Hamar, som var einsleg Ă„ kalle, for med onnearbeide, dreiv pĂ„ spreng seint og tidleg og spara ikkje kreftine. I nĂŠraste dagom fyre slĂ„tten var han tvo vendur pĂ„ Fron hjĂ„ futen Lars Gram pĂ„ Steig — det galdt fyrst greie etter kvar einaste utreidsle som stod att og sĂ„ verta innskrivin som leiglenning pĂ„ «Kongsteigen», den jordloten av garden, som ein av mennom pĂ„ Hamar langt atti tidom hadde vangla under krona, men likevel teki att bygselretten sĂ„ den hĂžyrde odelsjordi til.
Futen hadde sÄleis ikkje noko med bygsli og kunde ikkje krevja stÞvelhud, det var berre Ä godkjenne den nye leiglenningen. Tord hadde brev med frÄ far'n at han upplette garden og bygsli over Kongsteigen, og da futen tyktes sjÄ, at Tord var ein dugande kar, gjorde han ikkje noko motlegg, men skreiv han inn i boki si for brukar og leiglenning av Kongsteigen pÄ Hamar. EndÄ futen ikkje hadde noko Ä krevja for denne innskrivingi, hadde Tord med seg ein tvoÊrings bukk som Lars Gram fekk og med tekknom tok imot.
Tord trudde no at alle vanskar med garden var greidde: men da han kom Ät Steig den andre venda med nokre gamle brev, han glÞymde den fyrste, hadde futen funni nokre underlege hakar det hekk i med Kongsteigen. Det stod i bend og treng bÄde her og der og futen lagde det sÄ ugreit ut, at Tord kunde ikkje fÄ grunn i det. Men enden vart, at futen etter order frÄ «kongelig majestÊt» gjennom lensherren pÄ Akershus, ikkje kunde skrive Tord inn for leiglenning til full visse fÞr pÄ haust-tinge. Tord undra seg over dette, for det sÄg ut til, at futen hadde noko trÄtt for Ä finne grunnar for denne utsetjingi.

Fjortan dagar etter visste dei ikkje orde av, fÞr skrivaren, Moritz Jenssen, forutta noko versel kom pÄ garden med 6 lagrettesmenn og skulde halde Äbotstakst pÄ husi, som hÞyrde Kongsteigen til. Mikkel Hamar stod pÄ, at korkje fut eller skrivar hadde noko med Ä halde ÄbotsskjÞn der i garden, da det til Kongsteigen gjennom alle tider ikkje hadde hÞyrt andre hus, enn ei liti gardlydu, som framleies var godt brukande. Han baud til Ä skaffe fram 6 skillige vitne, gamle og velvÞrde menn, pÄ dette; men skrivaren sa, han hadde order fra «kongelig majestÊts foget» og kunde ikkje no taka vitneprov der pÄ staden -- han mÄtte fremje taksti etter pÄlegg, han. Med di tok dei skjÞn pÄ eine stova, eit stabur, fjÞs og lÄve, og etterdi dei alle var svÊrt Ät-kome, vart Äboti sett i 180 riksdaler. Um Tord vilde ha Kongsteigen i bruk, sa Moritz Jenssen, sÄ mÄtte han reide desse pengane ut pÄ tingborde andre tingdagen til hausten. Og med de slog han tingboki ihop sÄ det small. Jau, det var ei god trÞst for Tord som hadde gjevi ut siste heilpeningen av den arven Mikkel Hamar hadde gjÞymt pÄ til no.

Sidan sist hadde Tord ein einaste laurdagskveld fĂ„tt rĂ„d med Ă„ vitja Astrid pĂ„ sĂŠtri, Og just medsame var ulykka med sĂ„ det heile kom i dagen —: fĂžr vika var endi hadde ei beinksamd sladdertunge gjevi Imbert Bolstad ein snek um det. Den neste gong Bolstad-kjeringi kom pĂ„ sĂŠtri for Ă„ sjĂ„ pĂ„ stelle og drĂ„tten, var ho ikkje sĂŠrs hugleg Ă„ fĂ„ til gjest i huse. Ho hadde ikkje fĂžr skoti pusten og turka sveitten etter den kjeide sĂŠtervegen, fĂžr ho sa frĂ„ at ho hadde ikkje etla seg til Ă„ kaste den fyrste gifteferdige av dottrom sine burt i fillhaugane, lorten og armodi pĂ„ Hamar — og ho sette foten kvasst og fast i auren, sĂ„ ordi skulde vera Ă„ lite pĂ„ au.
Astrid svara ikkje noko pÄ dette; ho gret sÄrt og stilt og let mori drive pÄ, for ho var lite talande med sÄ uppost ho no var.
Det glatt utor mori at Agot Tolstad hadde vore pĂ„ Bolstad i somar og slegi pĂ„ giftarmĂ„l millom Anders og Astrid. Og her var det anna enn utsvelta jordveg, huslĂžysi og svelt-ihel! Ner-BjĂžrnstad, ei halv hud i Kruke og 4 skinn i Mo, og dertil eit raust heimanfylgje! — det var no for Ă„ bruke vite ein hadde fĂ„tt det av VĂ„rherre, skulde ho tru.

Da Astrid hĂžyrde dette, stadna grĂ„ten med eitt — ho gjekk kvasst fram til mori, som hadde sett seg ned pĂ„ brisken, knytte nevane og sĂ„g mori fast i augo: «Nei, fĂžr gĂ„r eg beinast pĂ„ elvi, mor!» sa ho. Mari Bolstad svara ikkje — ho kjende att seg sjĂžl og hadde set at dotteri hadde ervt hennar eigein faste vilje. PĂ„ den leidi var spele tapt, det sĂ„g ho, og sĂ„ var det fulla klokast ikkje Ă„ ta dotteri for-kvasst pĂ„ den hi leidi heller. Det vart ikkje snakka meir um dette millom mor og dotter um dagen.
Men da Lodin Lien bar Tord melding frÄ Astrid at mori var vond og far'n mest galen, hadde han nok med Ä halde mode uppe. Vonine var ikkje ljose og han tykte det heldt pÄ drog seg ihop meir og meir til ein einaste tung, svart kave som stengde alle utsyn.
PÄ Hamar var det onna av bÄde burte og heime; hÞye var kome vel i hus og beste Äkren pÄ garden var komin i rÄd. Og etter slik bruknad som den pÄ Hamar, var Äre vorte etter vonom = dei vilde vera hugsottlause for fÞda til folk og fe.
slaget_i_kringen.gif - 287620 Bytes Just som han hadde sett upp siste kornrĂ„den og vilde gĂ„ heim til kveldvords, fekk han sjĂ„ Jon Tolstad kom springande. Guten ropte, bad han vente, og kom sĂ„ med eit bodstikke, brend i endin og bunden attĂ„t eit reip. «Det held pĂ„ kjem fiend inn i dalen frĂ„ Romsdalen! — Dei brenner og rovar, herjar og stel og drep! Alle mann skal samlast pĂ„ Romundgard, frĂ„ Lesja og Lom og alle bygdir!» «Skal bodstikka over pĂ„ hi sida ?» spurde Tord. «Ja — frĂ„ heime gĂ„r 3 mann av huse og tek over Åsen fyri midnatt,» sa Jon og snudde heimover.
Tord gjorde Lodin Lien, som var pÄ Hamar i skurden, over elvi med bodstikka og bodi, sjÞl lagde han nokre brÞdsleivar, eit stykkje av ein fenaknok og eit stykkje spekjeflesk i skreppa, tok odelsgevÊre og lodtye ned av veggen og var med di reide til Ä leggje iveg. Medan han fekk i seg kveldsmaten, fortalde han far og mor kva som no stod pÄ. Mori vart ille ute og bar til Ä grÄte og bera seg ille, men Tord meinte alle var skulduge Ä verja um eld og Äre nÄr fiend var komi i lande, «ja den er lÄk kar som smyg undan nÄr bodstikka melder at faren er pÄ hendom!» la Mikkel til, «gakk i Guds namn og ten konge og land som ein kar!»

PÄ BÄrstad sanka dei seg alle som kunde bera vÄpen, frÄ Snil-gardom, BjÞrnstad-gardom, Bolstad, Tolstad og Hamar, dei var 12 mann i alt. Fem av dei hadde bÞrsur med sprengjepann-lÄs, fire hadde stÄlbogar og tri kvar sitt bjÞnnespjut. Gudbrand Snile var sinnt: «Den helviten svensken! Er han no ute att, og det midt i skarpaste skurdonni!» sa han. Imbert Bolstad var heller ikkje i godlag og mÄtte gje Tord Hamar nokre fantord. «SjÄ meg pÄ spir, du!» sa han; «der kjem riddaren pÄ Hamarshus tilfots og med ein skinnsekk lengstetter ryggen! Skulde du berre ikkje fÄ illt over vombi, nÄr det gjeld um Ä stÄ, kar!»
«Nei, godtfolk!» sa Gunnar BÄrstad, «no kan det visst trengjast betre vi er vel sameinte, enn vi byrjar munnhoggast. Du fÊr minnast du er ein gamal mann, Imbert Bolstad, og det er utenkt Ä stÞyte dei unge, som orka mest, frÄ seg. Vi veit lite kva vi no har i ventom, godtfolk!»
Med di tok dei iveg og inn pĂ„ stigen som gjekk over TolstadĂ„sen. Pa vegen var det mykje snakk um kva det kunde vera til fiend som var i kjĂžmdi — han som kom over Ă„sen frĂ„ Sell med bodstikka, hadde hĂžyrt at dei var frĂ„ Skotland og skulde vera meire dyr enn folk — kriste-folk var dei ikkje. Ingen visste noko visst, men alle svor at fienden skulde fĂ„ mĂžtt uppi Rosti.
Dei var godt kjende pĂ„ den ugreide gong-stigen over TolstadĂ„sen desse karane; men da dei nĂ„dde fram til TjorsĂŠtri, vart myrkne sĂ„ svart at dei sĂ„g ikkje fingrane, og dei nĂžyddest til Ă„ krupe inn i ei hĂžylydu dei myrkaste nattetimane. Nokon blund pĂ„ augo fekk ingen av deim, og straks dei kunde skilja stigen etter stinne morki, gjekk dei ned Åsbrekka og ned til Romundgard. Her lĂ„g det bod at alle skulde samle seg ved Rostbrui, for i Rosti skulde fienden fellast.
Ved morgonverds-leite er lalmingane framme ved Rostbrui, og her var alt lesjingane og dÞvrane pÄ staden med den gjÊve fÞraren sin, lensmannen Lars Hage. Det var han som hadde senda bodstikka ut til alle bygdir, og han stod no her som fÞrar for mannskape. Og fÞrar var han som skapt til au: staut pÄ vokst, fÞrlagd som ei kjempe og med eit mÄl som lyddest som ei malmklokke utover folkeskaren. Ein sÄg med det fyrste augekast at her var ein dÞl som ikkje gav seg sÄ lengi det fannst livsvoni.
«Velkomne i lage til godt arbei, karar!» sa Lars Hage da lalmingane kom, «og dykk det same!» la han til da umkring 50 mann frĂ„ Nordherrad, Finntryu og SjĂ„rdalen kom etter med di same. «Dykk ha ikkje gjort dĂžramili lang og heller ikkje forsove dykk, gode grannar frĂ„ VĂ„gĂ„ — og her skal det fordĂžmte satanspakke frĂ„ Skotland mĂžte folk med hjerta i bringun! Her i Rosten skal dei ende ferdi si, um vi sĂ„ skal liggje att her kvar ein av oss!» og Lars stĂžytte stavĂžksi si i marki sĂ„ det dunde.

Det kom etterhand nye flokkar: frÄ Heidalen, frÄ SkÄrvangen og Skogbygdi, Storrviks-roi, frÄ Breidebygden, og um eit par timar var dei umlag 150 mann. Alle med verju, kvar pÄ si gjerd: bÞrsur, stÄlbogar, bjÞnnespjut, gamle sverd, nyslipte stridsÞksir, timbermanns-bilur og bulÞksir, smidjehamrar pÄ lange skaft, store treklubbur, bjÞrkekavlar og kva dei kvar for seg hadde funni dei tyktes var verje i. Av bÞrsur var det ikkje mange, ikkje eingong tiandekvar mann hadde det slage; for dei husgevÊra kongen i 1609 pÄlagde fulle og halve garder Ä koste seg, var no medsende soldatom i krigen med Sverig.
Lars Hage stĂžytte med Ăžksi i brujĂŠrveden: «Her er ikkje tid til kvild, gode dĂžlamenn! Her lyt kvar i arbeid — vi lyt leite oss ut eit lugumt stelle til Ă„ leggje steinveltur og timberlunnar vi lĂžyper skottane ned med! Dei som bergast, gjer vi ende pĂ„ med verjom vĂ„re, det skal ikkje sparast eit liv — ikkje eit einaste liv!» sa Lars Hage, og sĂ„ fortalde han korleis skottane hadde rĂžva og brendt og drepi pĂ„ Lesja. «Innan soli gĂ„r ned imorgon kveld har vi dei her, og kvar mann er ansvarleg for kongen og Gud og si ĂŠre at dei enda ferda si her!» enda han, og det reint som lyste av det sterke dĂžla-andlite hans.
Otta SĂ„ spurde han um det var nokon millom mannskape som hadde vore ute i krig eller gjort hertenest og vĂžri med i slag. Dei vilde no vera gode Ă„ ha til Ă„ fĂžre serskilde flokkar og til Ă„ gjeva rettleiding, «den som har stĂ„tt for lodd og krut, har rĂžynt eitkvart som kan vera oss alle til gagn og koma vel med her,» sa lensmannen. «Her er tvo med som har gjort hertenest, Imbert Valle og Tord Hamar,» svara Gudbrand BĂ„rstad, «Tord Hamar har fĂžrt tropp mot svenskom og vore med i fleire smĂ„slag.» Med di tok Lars med seg Tord og Imbert og nokre til og gjekk uppi lidi for Ă„ finne laglege stader Ă„ gjera lunnar og veltur — mea skulda dei andre halde seg ved Rostbrui.

Lensmannen og fylgje hans vart lenge burte, og da dei endeleg kom att, var dei ikkje samde korkje um det eine eller det andre. Tord Hamar sa beint ut at var det ikkje eit meire laglegt stelle hĂžgre uppe i dalen, vilde han heller mĂžte skottom pĂ„ fri mark. Med tvo eller tri lunnar kunde dei kanhende gjera ende pĂ„ 100 mann, og i det trongrymme der var i stinne skogen, fannst det ikkje tak for dĂžlom Ă„ gĂ„ pĂ„. Skottane hadde kvar si dugande bĂžrse og kunde skjote ned kvar ein del dei fekk berr. «NĂ„r veltune er gĂ„tt,» sa Tord, «kan vi gjerne taka til rymnings med di same. Og eg ottast dei ikkje gĂ„r i fella heller — her i denne trĂžngja er dei vare um seg og sendar spĂŠjarar fyri seg, vi kan lite pĂ„ dei let mannskape fara i smĂ„-hopar herigjenom Rosti.» Det same tykte Imbert Valle og fleire av vagverom, og um dette vart det ein heit og lang strid, Lars Hage med lesjingom og dĂžvrom heldt pĂ„ Rosti — Tord Hamar, Imbert Valle og vagverane stod ihop.
Da sa Torger SĂ„ljeim og Ola Breiden at sĂ„ lugum stad Ă„ lĂžype skottane ned som i HĂžg-kringom fannst det ikkje i heile dalen, for der lĂ„g vegen sĂ„leis til, veltune kunde sope lengst-etter vegen ned i elvi. Det same sa Tord Hamar, og lagde til at der vilde skottane fara tryggare fram og knapt vente seg nokon fare eller Ă„tak. «Og sĂ„ er det betre rom og lende Ă„ gĂ„ pĂ„ dei som kjem undan veltom — vi mĂ„ fara ned i HĂžgkringan, Lars Hage!» sa Tord Hamar. Alle vagverane stod med Tord i desse, men Lars Hage vilde ikkje gje seg — han var sjĂžlvskrivin fĂžrar, og dei heldt just pĂ„ Ă„ skulle uppi Rostlidi og byrje med felling av timber til veltur og lunnar, da det kom sprengjeridande tvo karar etter den lĂ„ke vegen. Det var Arne Gunstad og Per Randkleiv frĂ„ Ringbu. Dei steig av hestane, neva-helsa pĂ„ Lars Hage, og fekk i ei snarvende hĂžyre det Lars visste um skottane og kva dei her no vilde gjera.
Men da svara bĂ„e desse mennane reint ut at HĂžgkringane var laglegaste staden, «og der vil vi ringbyggjer og frĂžningar stadne, hit upp vil vi ikkje, for her gĂ„r det aldri vel. Til imorgon er det minst 200 mann samla i HĂžgkringom,» sa Arne Gunstad. Etter di mĂ„tte Lars Hage og hans bygdamenn bĂžygje seg — Arne Gunstad og Per Randkleiv reid attende, og Lars Hage, som au hadde hest med, gjorde fylgje. Imbert Valle og Tord Hamar lova Ă„ ta liksom fĂžringi over mannskape og koma etter til HĂžgkringom til kvelds, men fyrst vart dei sette til Ă„ rive Rostbrui for Ă„ seinke ut tidi for skottom.

Slagstedet Da folke kom ned til Romundgard, vilde dei alle kvile og fÄ seg mat av nisteskreppom. Det var gjestgjevargard pÄ Romundgard og mannen var pligtug Ä ha fullt upp med Þl i kjellaren for alle ferdafolk. No var det mange som vilde kjÞpe Þl, men Tord Hamar og Imbert Valle hadde bede mannen ikkje leta ein drope. Fleire murra fordi dei ikkje fekk Þl, men det sÄg ut til Ä gÄ av med godom. Mannskape skulde um lite brote ut og taka sÞretter Sellsvollom, men da spurdest det at Jon Kleppe, Mads Kotta og Anders Tolstad hadde brote seg inn i aurbui og der lÄg 5 tynnor godt Þl! Anders BjÞrnstad dreiv alt og tappa Þl til kven som kom, og tok imot betalinga.
Alle strĂžymde til aurbui og det vart ei gjerdlaus Ăžldrikking — da det vart forlite med koppar Ă„ ha i pĂ„ Romundgard og sume sĂ„leis ikkje fekk noko sette ein stor flokk ned Ă„t Jorundstad' for der lĂ„g det au 2 fulle tynnur med Ăžl i kjellaren. Leid over nons leite var mest halve mannskape sĂ„ fulle, at dei sjangla etter vegjom og sume lĂ„g alt i koll-legje. Dei tvo fĂžrarane hadde fleire vendur freista tala folke til rettes, men det hjelpte ikkje, og rett som det var slost dĂžvringar og vĂ„gverer bĂ„de inne og ute — fleire «blodvidi» vart gjorde utetter kvelden. Sist fekk Tord Hamar drivi vel att Ăžltynnune og saga toppane av tett ved stavane, og med di vart det slutt pĂ„ fylli. Tord og Imbert mĂ„tte gjeva dag til svartaste natti var farin, da fekk dei endeleg liv i folke og kunde leggje iveg. Men mange lĂ„g atter pĂ„ Romundgard sĂ„ fyllesjuke, at dei orka ikkje reise seg; millom dei var Anders Tolstad. Han kom heller ikkje etter, da han endeleg sist kom pĂ„ fĂžterne skakte han pĂ„ meir Ăžl og lĂ„g pĂ„ Romundgard og drakk i tvo samfulle dagar.

Tyrsdagsmorgon den 25. august umlag kl. 8 kom Tord Hamar og Imbert Valle etter Ă„t HĂžg-kringom med mannskape sitt. Her mĂžtte dei ringbyggjom og frĂžningom, og fĂžrarane deres og Lars Hage hadde alt set ut korleis veltune skulde leggjast og sett arbeide igang. No vart Tord Hamar beden um Ă„ skipa til pĂ„ beste mĂ„ten og som han tykte sjĂžl dei flokkane, som skulde gĂ„ pĂ„ dei skottane som att var, nĂ„r steinmerrine og lunnane hadde gĂ„tt. Tord for over lende mange vendur og han for over mannskape og sĂ„g pĂ„ verja dei hadde. Det var eit vandt arbei og han kjennde andsvare. Han visste, at det som galdt mest var, at ikkje skottane fekk tid til Ă„ samle seg til sameint mottak, etter at lunnane og steinmerri hadde lopi ned. Og di nest var det um Ă„ gjera Ă„ setja dei rette folk pĂ„ den rette staden, uĂžvde og med lĂ„ke vĂ„pen som mest alle var. Da kvelden kom, trudde han, at det skulde vera sĂ„ vel skipa, som gjerast kunde, men nĂ„r han tenkte pĂ„ den store stundi, kjennde han kaldsveiten brote fram — han tvila ikkje pĂ„ at dĂžline vilde slĂ„st som karar, um dei berre ikkje kom til Ă„ buse pĂ„ sĂ„ blindt, at dei skadde seg sjĂžlve.
Minnesmerke
Den hardaste stÞyten tenkte han seg dei vilde fÄ av den flokken som gjekk ettarst i skottehÊren, for han vilde knapt fara ille av steinmerrom og lunnom. Difor sette han av det beste mannskape han fann, til Ä gjera Ätak pÄ dei som han tenkte seg ikkje rokk fram i stein-og timbervelta. Nettup som han hadde skipa frÄ seg alt og sett dei ymse bondeflokkar kvar pÄ sin stad, kom ein flokk pÄ um lag 20 lomverer, vÄrdÞler og lidbygjer. Dei rokk fram fyrst da og kunde ikkje seja frÄ, um det kom fleire frÄ Lom. Halve tale av dei hadde bÞrsur og Tord sette dei imillom det mannskape, som skulde gjera Ätak pÄ bakenden av skottehÊren. Ovanfor veltune lÄg umkring 60 mann, dei skulde Gudbrand BÄrstad fÞre; pÄ bÄe sidur av HÞgkringoms-vegen upetter, utanom den breida veltune vilde rekkje over, lÄg det um lag 100 mann pÄ kvar side. PÄ den eine hadde Imbert Valle fÞringi, pÄ hi sida ein mann frÄ Kvikne. HovudfÞrarane Lars Hage, Per Randkleiv og Arne Gunstad, valde seg kvar ut nokre handfaste menn med gode verjur og fann seg sjÞlve dei stÞdi, som dei tykte hÞvde best. Berdon Segelstad vilde gjeva JÞrgen Sinklar dauhogge; dei hadde hÞyrt at han var fÞraren og var audkjend med di, han reid pÄ ein svart hest. Berdon lÞdde bÞrsa si med den sylvhalsknappen han hadde ervt etter far sin og som far hans likesÄ hadde ervt etter sin far -- ei kule med ervesylv skulde den arge skotten ikkje halde av seg!

Da kvelden kom og alt var tilskipa som best dei alle kunde rekne det ut fyriÄt, fekk Tord Hamar lovord av fÞrarom, og Lars Hage sa dei ordi, at dei var velfarne dei hadde ein millom seg, som hadde vore med ute og stÄtt for kulur og krut. «GÄr det vel med oss, Tord Hamar, skal du ikkje bli glÞymt for arbeide ditt,» sa Lars. Tord svara, at her var alle skuldige Ä gjera det dei orka, kva lÞni kunde bli, «og som det no er skipa til, trur eg vi skal ha dei innsnÞrde i meisen til alle leider, berre kvar mann gjerer det dei evlar,» sa Tord.
Heile bondeflokken lÄg under opin himil um natti, men fÄ var det som fekk ein blund pÄ augo. Tord Hamar sov, for han var frÄ ufreden vann med Ä ha livsfaren innpÄ seg.
Men han var tidleg pÄferd um morgon og tokst da ei hard beite med Lars Hage og Per Randkleiv um den tilstellingi. dei hadde gjort med den mannen, som skulde ride rangvend pÄ hesten, utpÄ StorÞyi, og dei skyttarane der, som skulde dundre med laust krut. Tord ottast for, at desse rÄdgjerdine skulde vekke misstru hjÄ skottom og lett gjort gjera dei sÄ vÄre, at Ätake her i Kringom kunde skjeivast. Men med desse vilde ikkje fÞrarane lyde honom.
Det lĂ„g umlag 500 mann samla i HĂžgkringom ; mange av bĂžndorn var gamle menn som longe hadde gjort sitt beste, mange var berre framslengjingar — mannskape var ujamt, uvant til Ă„ lyde fĂžrare og foruta all uppĂžving. Og verja dei fleste hadde, var stakarsleg greie mot hjullĂ„sgevĂŠri Ă„t skottem. Det som var mest Ă„ lite pĂ„ pĂ„ bondesida, var at kvar mann vilde vĂ„ge live og slĂ„st, etter veltune hadde gĂ„tt, sĂ„ lenge ei sene leda seg i armom.
Kvar mann lĂ„g tilreide med si verju; men det drygdest fĂžr skotteheren synte seg. Audun Skjenna, som var gjord iveg for Ă„ rĂžkje etter, kom endeleg att som ei utskotin pil og fortalde at skottane no var sĂžrover Sellsvollane komi — dei for i tvo hopar, og fyrste hopen, umlag fjordeparten, for eit langt stykkje fyri; denne fortroppi vilde vera i HĂžgkringom um ei Ăžrlita rid.
Pillarguri
Det kom ei agande stund for bÞndom etter denne meldingi! Det var stilt som i ei grav millom dei 500 menn denne vakre, solblanke morgostundi. Berre LÄgen gjekk tung, og med den vanlege, djupe sÞgen sin, millom dei hÞge, myrke fjellom. Ikkje ein fugl let seg hÞyre i HÞgkringom denne stundi, men kvar mann kunde hÞyre sitt eigi hjarte banke i bringa som dei lÄg der, gjÞymde bak einerkjerr, smÄtall og furuskat, eller bakum steinar og attfor sva og jordrandar.
Dei hÞyrde fortroppi fara um dei uppetter den bratte stigen, men alle var sÄ vÄre, for ikkje gjera skottane misstrugne. at ikkje eingong fyrste mannen vÄga lyfte upp hovude for Ä sjÄ etter deim. Men spenningi voks, og hjÄ mange bar sveitten til Ä sile etter vangar og hals.

Da læt luren henner Guri Rinddalen frĂ„ Selsjordkampen, og dei hĂžyrde sĂ„ skilligt den gamle velkjĂžmelege hallingen alle kjende — han lyddest i denne stundi som ei liksalme. Men Guri blĂŠs lite i fĂžre lage, for ho sĂ„g skotteheren frĂ„ sida, og kunde difor ikkje pĂ„ ein prikk sjĂ„ nĂ„r han kom midt under velta. Skottane svara med ein grusk marsj som dei let upp att fleire vendur. SĂ„ bles Guri i luren sin att, og mannen pĂ„ den blakke hesten synte seg pĂ„ StorĂžyi og reid smĂ„tt sĂžretter. Samstundes small det fleire skot frĂ„ Ăžyi — ei ny smelling, og bĂžndane hĂžyrde skratt og leven nede i vegen. I det same tverrsnudde mannen pĂ„ StorĂžyi hesten sin og stod heilande still! Det fylgde pĂ„ ei utoleleg spenning ein augablunk, og sĂ„ braka lunnane lause uppi lidi — store steinar kom rullande tett i tett og stokkar kom skjotande og skjeinte nedetter til ymse leidir. Skrida kom med eit brakk og small som det skulde vera domedag og sopte ein breid gjeile av skotteheren beint ned i LĂ„gen! Meire enn trijeparten gjorde skrida ende pĂ„, og dei som att var, stod ei lang rid som dei skulde vori nĂ„me, rĂŠdsla tok dei sĂ„ dei ikkje eingong fekk tanken for seg um Ă„ verje seg, -- dei venta seg berre ein ny domedag frĂ„ uppi lidi. I denne rĂ„dlĂžysa braut bĂžndane fram og det Kringen fall dei lett Ă„ leggje dei ned med Ăžksir, sverd og klubbur — dei fall for Ăžksom som rĂ„tolli i barskogen. Øvst uppe hadde ein hardleg flokk av skottom berga seg for skrida, dei gjorde kvasst mottak, 2 av bĂžndom fall og mange fekk harde sĂ„r. Men heitast stod striden nede ved vegen der han svinga upp i rette HĂžgkringane; her var det godt 100 skottar som var sloppi skadeslause frĂ„ stein og timber, og da dei sĂ„g dei lĂ„ke verjune bĂžndane gjekk pĂ„ dei med, laga dei seg til Ă„ verje seg av all magt. Ein kaptein steig uppĂ„ ein stein og med kĂ„ra i handi bad han skottane samle seg og stĂ„ som fjell mot desse verjelause mannhusingar. Men ei kule frĂ„ bĂžrsa hans Tord Hamar senda han hovudstup ned av steinen, eitt tjuge skot til la kvar sin mann i marki og likemange fall med ei bogepil i hals eller tunnvange. Dei som att var fekk eit sĂ„ rasande Ă„tak av bĂžndom, at den eine fall ovanpĂ„ den andre og tilslut stod det att berre nokre mann, som kasta gevĂŠri og bad um live. Fire av bĂžndom var fallne og ikkje sĂ„ fĂ„ var sĂŠrde; heile striden vara ein snau halvtime og Tord Hamar kunde sende mannskape uppetter vegen, um det kunde vera noko der Ă„ gjera.
Fleire stader var det slĂ„sting pĂ„ live millom mindre flokkar og mann og mann imillom. Midt i brattaste bakken sĂ„g Tord ein dol og ein skotte sleitst for live um eit gevĂŠr. DĂžlen kom med bĂ„e beini uppi ei einerkjerr, fall Ă„t morki og laut sleppe gevĂŠre, som skotten snĂžgt hevja tilvers for Ă„ leggje det med all si magt i hausen pĂ„ motmannen. Da small sverde hans Tord over nakken hans sĂ„ bĂ„de skotten og gevĂŠre trilla ned etter bakken. DĂžlen bar til Ă„ kravle seg upp og Tord skvatt i: «men i Guds namn! er det du, Imbert Bolstad!» Ja, den satans-branden vart meg for sterk, og det var pĂ„ hĂžg tid du gjorde Ă„t honom,» svara Imbert og sette seg uppgjevin pĂ„ ei tuve — han Ă„tte ikkje lenger noko verju. Medan Tord stod og desse ordi fall, small eit skot bak honom og ei kule pistra um eine Ăžyre hans. Han brĂ„snudde seg og sĂ„g ein skotte kom laupande med gevĂŠre lyfta til slag — han fekk bĂžygd undan, men den store hanen pĂ„ hjullĂ„se reiv trĂžyermi laus ved oksli og flengde stygt heile vinstre armen ned til olbogen.
FĂžr skotten fekk tid til Ă„ lyfte gevĂŠre til eit nytt slag, lĂ„g han med klovin haus pĂ„ morki. Tord endsa ikkje den skamfarne armen som blĂždde fĂŠlt - han sĂ„g Imbert Valle med sine menn stod hardt i det og skunda seg dit. Her stod ei av kvassaste beitom i Kringom og kvar ein av skottom fall, men Tord Hamar fekk eit kolveslag sĂ„ han heldt pĂ„ Ă„ uveta, og han fekk ei styg flenge etter nakken. Da slage var slutt var det ikkje meir enn med nĂžd han vann halde seg pĂ„ beini, difor orka han ikkje vera med, da bĂžndane sette etter fortroppi. Han sjangla nordetter vegen til han nĂ„dde folk, fekk vaska blode av seg og stelt med sĂ„ri i nakken og den sundflengde armen sĂ„ godt det let seg gjera i ei snarvende. Ein gamal mann i huse sa: «Ä herre Gud, du har vorte stygt avreidt, stakkars gut!» «Å eg gror snart ihop att, gamle, men skottane har fĂ„tt sĂ„r som ikkje grĂžest; no tenkjer eg dei, som slapp undan, har fĂ„tt sitt au.

Men det er kaldt Ä slagte einannan som ville dyr!»
Tord bad um Ä fÄ leggje seg pÄ ein benk ei stund og kjerringi i huse let han fÄ liggje i ei seng ho reidde upp Ät honom. Han var sÄ trott, at han somna med eitt, endÄ bÄde nakken og armen verkte, den eine verre enn den andre.


Kringen

Kringen ved Otta i Gudbrandsdalen (nasjonalromantikken???)



10.883.509  visitors
Dette nettstedet er organisert av VGSkole.no som en ressursbase for elever i videregÄende skole
This site is designed and created by VGSkole.no for educational purposes


Kontaktinfo




Ny bok!

Klikk for info...