Det var ein prest som var så lei og knipen med arbeidsfolka og tenarane sine; frua var snill ho, og freista stela i dei så ikkje han såg det. Men så han ho gav dei noko, blei han vond og sa at dei kunne eta hestelort. Til slutt blei det så ille at dei ikkje fekk folk til å vera på prestegarden.
Så la frua og klokkaren over at dei skulle prøva ei råd med presten. Det var om sommaren; klokkaren skulle få presten med på ei fjellferd, og det gjekk au.
Klokkaren fekk mat med seg, men presten ingenting; dei laut kjøpa seg mat der dei fór, sa frua.
Det bar over heiar og marker, der det om vinteren hadde lege folk og køyrt bruk; der var stallar og køyter etter køyrarane.
Dei blei både trøtte og svoltne då dei hadde gått langt innover heiane.
"Her er stall og køyter, og her er vel også folk i nærleiken, så vi kan få kjøpt oss mat," sa presten.
"Nei, her er nok ikkje folk, men vi lyt gå inn i stallen og kvila," sa klokkaren.
"Eg er så svolten," sa presten, "er her ikkje snart folk å finna, meiner du?"
"Nei, ikkje på langan lei, du lyt eta hestelort, elles kjem du til å krepera," sa klokkaren.; han gjekk bort i skogen åleine, og då åt han av maten sin.
Då klokkaren kom inn att, sat presten og jamra seg: "Eg kan ikkje eta hestelort," sa han.
"Vi treffer ikkje folk på lang tid enno," sa klokkaren, "så du må nok freista med litt hestelort."
Dei drog seg då lenger innover heiane, så kom dei til ein stall igjen. "her lyt me gå inn og kvila," sa klokkaren: han gjekk inn i skogen og glåpte og åt maten sin, men presten hadde ikkje anna enn hestelort å hald seg tildå heller.
Såleis heldt dei på til dei kom til den fjerde stallen. Då torde ikke klokkaren plaga'n lenger, han ottast for at presten gjerne kunne setja til. Folk fann dei ikkje, og folk var det nok ikkje på langan lei, sa klokkaren, "og no veit eg ikkje anna råd," sa han, "vi lyt snu heim att."
Då dei kom heim, var presten mest ende på. Frua hadde ferdig den beste mat til dei som ho hadde, og dei kosa seg og åt.
Så kom arbeidsfolka òg inn og skulle ha mat.
"Stell til av den beste maten til dei òg," sa presten, "hestelort er nok ikkje god å eta," sa'n.
Det blei då heilt opp som i eit gjetebod, og sidan den tid var presten snill med arbeidsfolka og tenarane sine.
|